lørdag, mai 05, 2007

Politifolka vart frikjende

Obduksjonsrapportane til Eugene Eijke Obiora seier at han døydde av surstoffmangel.

Fleire vitne seier at politifolka handsama Eugene Eijke Obiora brutalt, og at den eine politimannen, han som heiter Trond Volden, tok kvelartak på han.

Eg har drive ein del med judo før, og veit at kvelartak, for ikkje å snakka om det å liggja nede med folk oppå seg, kan føra til surstoffmangel. Politiet, eller rettare sagt den delen av politiet som har som oppgåva å etterforska politifolk som bryt lova, har tydelegvis ikkje fått det med seg.

Så politiet kom til den konklusjonen at det ikkje er særleg stor sjans for at kvelartaket hadde noko å gjera med at Eugene Eijke Obiora vart kvelt i hel, og at dersom det skulle ha skjedd noko straffbart er det iallfall ikkje mogleg å prova det.

Eg gidd ikkje å seia meir nett no. Fakta talar for seg sjølve.

9 kommentarer:

Arne Midtlund sa...

Har ingen kommentar til at politifolka ble frikjent, men jeg har trent judo i mange år og vet at kvelinger er alvorlige greier som kan være vanskelige å utføre på en forsvarlig måte.

maalmannen sa...

Burde ikkje denne Obiora sjølv taka andsvaret for at han kom i basketak som møtte fram på sosialkontoret og kom med trugsmål mot dei tilsette? Det tykkjer i alle fall eg.

Og til koplingi mot Baidoo-saki: Den same politimannen skal ha sagt "svarte faen" til vaskekona etter at ho beit honom, og dette skal dana grunnlaget for påstandi um at det er rasisme i politiet som ligg bak. Jaha? Um ein hundrekilos fastfood-etande amerikanar hadde kome i slagsmål med meg og lagt seg uppå meg med heile si tyngd, so ser eg ikkje burt frå at eg i raseri hadde gaula "flytt deg, din feite gris!" Det er ikkje dimed sagt at eg hev noko i mot yvervektige i ein normal situasjon, det vil berre segja at nokre gonger triv ein i sinne til dei mest fornærmande skjellsordi. Slik er diverre me menneske.

Kjetil sa...

Ein tek då ikkje livet av ein person berre fordi han er sint og veiftar med armane? Me har ikkje dødsstraff i Noreg, og sjølv om me hadde hatt det ville det ha vore domstolane, ikkje den einskilde politimann, som skulle døma folk til det. Og at han skal ha kome med trugsmål, er det vel ingen som har påstått, så vidt eg veit, ikkje ein gong politiet. At drapsofferet sjølv skal ta ansvaret for at politiet tek livet av han, er eit prinsipp som dei færraste meiner høyrer heime i ein rettsstat.

Å gå til åtak på ein forsvarslaus, uskuldig reinhaldsarbeidar, for så å forsvara den uakseptable åtferda si med at reinhaldsarbeidaren reagerte med å bita, trur eg korkje eg eller du hadde kome unna med. Men så er ikkje me politifolk heller, då.

maalmannen sa...

Eg veit ikkje meir um denne saki enn det eg hev høyrt gjenom media, men her heiter det i alle fall at:

"Han var på servicesenteret i forbindelse med avslag på en søknad om sosialstøtte, og opptrådte seg ifølge personale på senteret truende. Politi ble derfor tilkalt."

http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1776659.ece

Kjetil sa...

At nokon kjende seg truga, har eg fått med meg. Men det er ikkje det same som at nokon har kome med trugsmål mot dei. Og om nokon oppfører seg aggressivt, er vel det normale å prøva å roa dei ned. Det var ikkje det politiet gjorde med denne mannen.

Tarjei Straume sa...

http://uncletaz.com/norsktaz/kripos/politihelt.html

Anonym sa...

Ja, kvelning er alvorlege greier. Trykk på brystkassa over lang tid vil også føre til kvelning. Sjølv ein tomskalle som TROND VOLDEN burde vite det, eller har dei ikkje slik elementær opplæring på Politihøgskolen.

Eg har sjølv brukt denne metoden for å avlive husdyr.

jampa sa...

Politet har for lite makt og er underbemannnet. De skal trygge oss mot svindlere og maktmisbrukere.
En kjempesterk kar som Obiora må tas hardt for å roes ned. Dessverre ble det for hardt denne gangen. Hva kunne alternativet vært da?

Anonym sa...

Den sjølvutnemnde kristenkonservative "målmannen" ovanfor spør vel i grunnen um ikkje slike som kjem i basketak med politiet, har seg sjølve å takka um dei vert drepne -- jamvel posthumt, slik spursmålet er sett fram!

Det vitnar i beste fall om eit slumsut syn på både andsvar og realitetar. Ein kan tenkja seg tusund ulike utgangspunkt for og utfall av samanstøytar med politiet. Kvar sak bør vurderast for seg.

Det er klårt at alle har eit visst andsvar for basketak dei hamnar i. Men skal den som avsluttar basketaket med å drepa, endeleg sleppa det mykje større ansvaret? Dette med liv eller daude er kanskje ikkje so viktig for ein fundamentalist, med falske voner um ævelegt liv hjå ein selektivt sadistisk Gud, men for dei fleste andre, og for retten, er det avgjerande.

Spursmålet til "målmannen" er kan henda ikkje betre enn drapet djupast sett, for drapsverket kan koma av ringt handverk med hastverk, medan det fyrste er eit slags medvite åndsverk.

Korleis bør ein forresten ta andsvar for det å stela namnet til ei heil folkegruppa og nytta det til menneskefiendsleg og kristenukristeleg agitasjon?

Dei andre som trur på guddomleg straff, får trøysta seg med at religiøs konservatisme og egoisme sannsynlegvis er noko Gud har funne upp for å straffa dei som er jævlige nok til å bita på det.