mandag, november 24, 2008

Ned med Obama!

Eg har fått med meg at det er ein del folk på venstresida i Noreg, ja, faktisk heilt ute i Raud Ungdom, som meiner at han der Obama-fyren er ein bra fyr for den antiimperialistiske kampen og for det arbeidande usaianske folk. Og til det har eg ein ting å seia:

Har de mista vitet???

Kan godt henda at Obama framstår som ein meir fornuftig person enn han der apekatten dei har hatt til gallionsfigur dei siste åra. Men på grunn av at han framstår som ein meir fornuftig og venstreorientert person, har han vorte tvungen til å lova dei mørkaste mørkemenna i Sambandsstatane, Israel-lobbyen og kristenfundamentalistane, ganske mykje sjukt for at han i det heile skulle få vera vurdert som søkjar til dette vervet han no har vunne. For held du deg ikkje på godfot med Israel-lobbyen, vert du kvesta som usaiansk presidentkandidat lenge før valet tek til, det er noko alle veit. På grunn av at han måtte gå mange hakk til høgre for å sløkkja brannar han tende med litt for radikale utsegner, har han i realiteten gått til val på ein minst like roten politikk som Bush eller McCain ville ha ført, og har bitta seg fast i krigsmaskineriet akkurat like mykje som alle andre usaianske presidentkandidatar som har lyst til å leva.

Så på lang sikt er det heilt sjølvsagt for alle med bittelitt samfunnsengasjement og innsikt at Obama vil ikkje reformera Sambandsstatane noko meir enn andre Demokratane-presidentar har gjort. Han vil berre vera kjip, mordarisk og kapitalen og imperialismen sin fremste redningsmann og frontkjempar på ein mykje meir tiltalande måte enn han forrige.

I tillegg har me den kortsiktige vinsten av å ha ein frå Demokratane Demokratane. Kva er den kortsiktige vinsten? Eg spør fordi eg lurer på om han finst, ikkje som eit retorisk spørsmål. Er det det at han kanskje kjem til å diskutera det med andre før han bombar fjerne folkeslag? Kan henda. Men i tillegg kjem alle dei kortsiktige negative konsekvensane.

Ein viktig kortsiktig konsekvens er nett det at folk som er meir eller mindre radikale i stor grad kjem til å la vera å kritisera han når han er kjip mot arbeidsfolk, kvinner, muslimar og alle slags folk i andre verdsdelar der Sambandsstatane fører krig. Her kan me gjerne trekkja parallellar til Noreg:
  • Når «Arbeidar»partiet i Noreg er i regjering, kan staten og kapitalen skalta og valta med arbeidsfolk akkurat så mykje dei vil, og LO står passivt på sidelina fordi Ap har vedteke at dei kjipe avgjerdene er bra. I motsetnad til ein situasjon der det er Høgre som øydelegg for arbeidsfolk og LO står på for arbeidsfolk.
  • Når «Sosialistisk venstre»parti er i regjering kan staten vår føra så mykje krig dei vil, og store delar av antikrigsrørsla står passivt på sidelina fordi SV har vedteke at krig er greitt så lenge me har som mål å få slutt på han. I motsetnad til ein situasjon der det er Kristeleg Folkeparti som fører krig og antikrigsrørsla jobbar mot krig.
Så mitt spørsmål til det «Raud» Ungdom er: Kor dumme folk går det eigentleg an for ein revolusjonær organisasjon å trekkja til seg?

Ned med Obama! Ned med imperialismen og Sambandsstatane sitt kulturelle, ideologiske og økonomiske hegemoni!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ytste vinstre har ei lang og tragisk soga med å gjera det gode til det beste sin fiende.

Verda kjem sannsynlegvis i beste fall til å ta små steg i rett lei, same kor mykje ein måtte ynskja noko meir.

Tenk litt på på kva som er realistiske alternativ på stutt sikt. Elles blir du ståande på sidelina og ropa ukvemsord mot det meste som skjer av godt i verda berre fordi det ikkje er ideelt. Korleis blir det då å sjå attende på den poltiske biografien når du blir gamal og grå? Har du verkeleg ytt tilskot til det du ville fremja?

Gje heller mannen den ros han fortener og kritiser konstruktivt. Det er ikkje for seint. Han har alt gjort mykje godt, men sjølvsagt ikkje noko ideelt.

Til slutt: Korleis i alle dagar er det mogleg å oversjå den eigenverdien det har at USA har fått ein farga president? Ein skal vera bra "idealistisk" (selektivt materialistisk) for ikkje å sjå sjølvkjensla til millionar av svarte amerikanarar som ein viktig materiell realitet i den verkelege verda.

Kjetil sa...

No må du lesa det eg skriv, og ta utgangspunkt i argumentasjonen min og kva han reelt sett dreiar seg om, viss du skal kommentera det.

Kan henda at Obama kjem til å gjera ein del ting som er bra, og som føregjengaren ikkje ville ha gjort. Men den endelause straumen av superoptimisme fører til at han kjem til å verta skrytt opp i skyene ei god stund, sjølv om han eigentleg gjer svært lite. Og når folk til slutt oppdagar at han ikkje er den frelsaren dei har sett for seg at han skulle vera, vert dei desillusjonerte og misser håpet om at endring er mogleg. Og det er eit problem som eg synest er verd å ta opp. I Noreg har /hadde me ein tilsvarande situasjon, og det er difor ein reell fare for at eit høgreekstremt parti kjem til å sitja i regjering om eit år. Rett og slett fordi folk ser at det "radikale" alternativet dei valde sist ikkje gjorde det dei lova og ikkje gjennomførte dei endringane folk valde dei inn for å gjera.

Når folk på "ytre vinstre" let desse "realistiske alternativa" framstå som radikale krefter, har me ikkje mykje legitimitet og truverde att om me kjem lenge etterpå og seier at dei har skuffa og at det er me som er dei verkeleg radikale. Difor synest eg faktisk det er fornuftig for realistar på ytre venstre å prøva å dempa forventningane til andre på venstresida, og å prøva å motarbeida førestillinga om at "det litt mindre dårlege alternativet" er målet vårt.

Eg trur Obama kjem til å bringa med seg mykje mindre endringar enn det folk i Noreg og resten av Europa har fått seg sjølve til å tru. Og då hiv ikkje eg meg på den overveldande applausbølgja, sjølv om personen Obama i seg sjølv truleg er mindre ekstrem og mindre kjip enn personen Bush og dei han hadde rundt seg.

Viss Sambandsstatane trekk seg ut av Afghanistan og Irak og byrjar å rusta ned, spelar ei positiv rolla i klimapolitikken og melder seg inn i verdssamfunnet igjen (som meinig medlem, ikkje som sjølvutnemnd herskarstat) i løpet av dei fire neste åra, slik ein del europearar ser ut til å tru, skal eg vera den første til å rosa Obama og regjeringa hans for det. Men resonnementa eg kjem fram til, og erfaringane frå dei "raudgrøne" (som rett nok har gjort noko bra, men som har gjort svært lite av det som gjorde at folk valde dei), fortel meg at dei store endringane er noko me ikkje kjem til å få sjå.

Anonym sa...

No har eg lese det du skriv, ein gong til. Du fortener ros for å koma med mykje rasjonell analyse og fordi du set superoptimistane på plass.

Men du har vitterleg òg skrive det som står i overskrifta! Det er ikkje ein naudsynt konklusjon på det mest fornuftige i analysen dersom du er oppteken av kva dei sannsynlege alternativa er. Det spranget du gjer i overskrifta, er berre rasjonelt innanfor ein krisemaksimeringslogikk som det sjeldan har kome noko godt ut av. Det minner litt om sosialfascisme-tesen.

Kvifor ikkje seia det du alt har sagt: at Obama står for eit lite steg på rett veg, men mindre enn mange trur, og at superoptimismen kan senda oss både to og tre steg attende? Då kan du gje deg sjølv løyve til å fagna den fyrste farga presidenten -- utan å måtta trega på det seinare. Vedgå no at du har hug til det inst inne! :-)

Anonym sa...

Obama på krigsstien
Ikke siden vesten starta sin okkupasjon av Afghanistan har den lokale motstanden mot de utenlandske troppene vært sterkere.

Til tross for uttalelser om at krigen ikke er mulig å vinne med militære virkemidler, lanserer Barack Obama en ny strategi som innbærer en massiv opptrapping av krigen i Afghanistan, og som også går over grensa til nabolandet Pakistan.

Obama vant fjorårets presidentvalg mye på grunn av kritikken han viste mot måten Bush førte krigen i Afghanistan på. Han gikk inn for å trekke tropper gradvis ut av Irak for å styrke innsatsen i Afghanistan. Nå har den amerikanske administrasjonen vedtatt å forsterke styrkene i Afghanistan med 21.000 tropper.

Mer enn sju år etter starten på krigen og Talibans fall er det åpenbart at veien som de vestlige troppene har fulgt til nå, har vært mislykka. Taliban er på frammarsj, mye siden det er de som viser den mest konsekvente motstanden mot okkupantene. Taliban har oppretta egne lokale administrasjoner over store deler av landet, også bare noen få mil sør for Kabul.

Den nye strategien for å slå Taliban og al-Quaida, inneholder flere deler. Obamas politikk kan ikke kalles ny når hans administrasjon vedtar å sende 21.000 nye soldater dit og oppfordrer sine Nato-allierte om flere tropper også – sjøl om han argumenterte med i presidentvalgkampen at det ikke er mulig å vinne krigen med militære virkemidler aleine.

Strategien inneholder løfter om å vinne det afghanske folkets tillit ved å satse på gjenoppbygging. Hundrevis av sivile eksperter skal sendes til landet. Det snakkes også om å øke de diplomatiske anstrengelsene og få land som Russland, Kina og Iran (!) til å bidra til å skape fred i Afghanistan. Men bak disse fagre ordene fins først og fremst ei massiv krigsopptrapping som også går inn på pakistansk territorium.
En kopi av krigen i Irak

Den ene hensikta med å sende enda 21.000 soldater til Afghanistan er å gjennomføre en «surge», på samme måte som Bush beordra i Irak i 2007. Her skulle en bekjempe motstanden med ei drastisk økning i innsatsen sin. Den andre hensikta er å utdanne den afghanske statlige hæren og det lokale politiet raskere, slik at de sjøl kan overta oppgavene fra USA.

Men flere styrker er ikke det afghanerne ønsker seg. Til og med politikere som har kommet i sine nåværende posisjoner på grunn av okkupantene, hever stemmen mot dette. Det er nemlig ei utbredt oppfatning at flere styrker betyr mer vold og døde sivile. Mange av de samme har også sagt at flere kommer til å søke til Taliban dersom tallet utenlandske tropper økes.

Marc Herold, som er professor ved universitetet i New Hampshire, har påvist at for hver drepte sivile afghaner, får Taliban tre til fire nye tilhengere. Siden Obama blei innsatt i presidentembetet i januar har dermed 400 nye mennesker slutta seg til Taliban. Så hvordan kan man da stoppe Talibans vekst? Ved å stoppe krigen eller å sende flere tropper dit?

Obama-adminstrasjonen har enda en taktikk som Bush brukte i Irak opp i ermet. Joe Biden, Obamas visepresident, uttalte på Nato-møtet i Brussel i mars at mange av de som kjemper for Taliban, gjør det for pengene sin skyld. Derfor er en ny strategi å «kjøpe moderate talibantilhengere, på samme måte som USA har kjøpt en del samarbeidsvillige sjeiker i Irak.

Men dersom USA stopper sine pengeoverførsler til disse – hvilken side vil de da velge? Fins det noe som taler for at de da fortsatt vil støtte okkupantene?

Taliban har kalt dette for et forsøk på å splitte motstanden og erklært at disse vil bli møtt på samme måte som Karzai-tilhengere.
Økt sinne mot USA

I USAs nye strategi vender en som sagt også blikket mot Pakistan. Obama slår fast at de to nabolandene har et felles problem, nemlig Taliban og al-Quaida. For den afghanske motstandsrørsla bruker grenseområdene til å trene opp nye soldater og styrke det afghanske opprøret mot okkupantene.

Ifølge nyhetsbyrået AFP har ubemanna amerikanske bombefly siden august i fjor gjennomført et tredvetalls operasjoner i pakistansk luftrom og drept over 330 mennesker. Men Obama ønsker å bombe lenger inn i Pakistan, deriblant i den mest folkerike provinsen i landet, Baluchistan.

Denne planen er farlig. Den pakistansk-britiske forfatteren Tariq Ali advarte nylig mot den fortsatt destabilisering av Pakistan. Det kan nemlig bety et kaos mye verre enn det vi ser i Afghanistan i dag.

Pakistan har atomvåpen og er verdens sjette mest folkerike land med sine drøyt 165 millioner innbyggere. Det er bortimot seks ganger så mange som det bor i Afghanistan. USAs militærangrep i pakistansk luftrom skaper sinne og bygger opp under allerede antiamerikanske stemninger i det pakistanske folket. Disse blir bekrefta av ei meningsmåling gjennomført av New America Foundation (Et politisk institutt for forskning på «utfordringene USA møter»). I denne meningsmålinga sa 70 % av pakistanerne at de mener at USA er den største trusselen mot både verdensdelen og regionen.
Motstanden enes

Til nå har ikke Obamas krigsopptrapping fått den effekten han tenkte seg.. En av Talibans ledere, Mulla Omar, har fordømt talibangruppenes angrep mot det pakistanske voldsapparatatet. I stedet vil han at de skal samles i striden for å befri Afghanistan fra den vestlige okkupasjonen.

Men som venta har Obama fått støtte for å styrke nærværet i Afghanistan av sine allierte. Hamid Karzai, afghanernes quislingpresident, uttalte at nettopp dette var hva Afghanistan trengte. Asif Ali Zaradari, Pakistans president, lovpriste også løftene om økt innsats. Også John McCain, den republikanske rivalen under Obamas valgkampen, sa at han var meget fornøyd med vedtaket.

Obama uttalte også at det ikke er hensikta å bli lenge i Afghanistan da han kunngjorde sin nye strategi. Det rimer ikke med hva amerikansk ekspertise har sagt. Den tidligere øverskommanderende i landet, David Barno, uttalte i februar at det kan drøye helt fram til 2025 før afghanske institusjoner er sterke nok til å ta over.

Taliban har likevel et annet perspektiv. De lover å fortsette kampen til landet er befridd fra okkupasjonsstyrkene uansett hvor lang tid det kommer til å ta – akkurat slik som motstandskjemperne i Norge under andre verdenskrig.

Tjen folket

Anonym sa...

Godt sagt, folketenarar. (Men "21.000 tropper"? Det var ikkje snautt. Over ein halv million soldatar!)

I alle fall står Obama opp til halsen i kvikksand. Sørgjeleg, men ikkje uventa.

Greitt nok å seia til ein som sit i eit uføre at han gjer det, men truleg er han og alle andre pinleg klar over det alt. I så fall hjelper det kanskje ikkje å ropa det heller.

Kvar byrjar den lange kjeda med hendingar som kan føra til eit anna utfall i den verkelege verda? (Den verkelege verda er meir enn det steindauve tomrommet ein slengjer parolar, høgrøysta kritikk frå og andre store ord frå marginale grupper uti.)
Og korleis skal Obamas fall vera ein avgjerande lekk i den lekkja?