torsdag, januar 15, 2009

Motetips frå Kjetil

Eg har kjøpt meg eit nytt klesplagg, eit såkalla palestinaskjerf. Eg kjenner meg ikkje heilt som den rette typen til å sprada rundt med den slags pynt, og det er vel det som er grunnen til at eg ikkje har skaffa meg eit slikt før. Eg er meir den litt trauste typen som kler meg som ein streiting, sjølv om eg er ganske radikal. Eg trur det har noko med klassebakgrunn å gjera.

Men eg har tenkt litt på det, og fann til slutt ut at eg skulle kjøpa meg eitt. Israel sin terror på Gaza dei siste vekene har nok litt å gjera med tidspunktet for sjølve innkjøpet. Eg kjøpte eit raudt, for å liksom symbolisera at eg er ein slags kommunist. Og det er eit ganske genialt plagg, eigentleg. Det har mange fordelar:
  • Eg slepp å frysa på hovudet når eg syklar, for det er stort, laga av ull og bomull og kan danderast på mange ulike måtar, alt etter behov.
  • Eg kan visa solidaritet med det palestinske folket, utan å diskutera, ropa eller skriva slagord, gå på møte eller demo osb.
  • Raudt kler meg.
  • Det er litt kulare å dekkja til fjeset mitt med eit sånt skjerf, enn med ein balaklava eller ei finlandshetta.
Det største problemet, slik eg ser det, er at det er vanskeleg å få det til å dekkja heile hovudet. Til slutt måtte eg ty til det drastiske tiltaket å bretta det på tvers, i staden for diagonalt. Då fekk eg det til. Om du er ein erfaren palestinaskjerfeigar som har ei god oppskrift (Palestinaskjerf for dummies liksom) på korleis eg skal få dette til med diagonalbretta skjerf, må du gjerne nytta kommentarfeltet til å fortelja meg det.

Om du derimot er ein sånn type person som ikkje har palestinaskjerf, synest eg du skal skaffa deg eitt. Og butikken du skal gjera det i, heiter al Quds, og dei har nettbutikk. Det kostar berre 100 kroner (pluss 25 i frakt dersom du ikkje bur i Oslo), og når du kjøper det frå palestinabutikken kan du vera rimeleg sikker på at det er ekte vare, og at dei faktisk kjem frå Palestina, og ikkje Kina. Og viss du ikkje har bruk for skjerf, kan du sjølvsagt bruka det som veggpryd, gardin, bandana eller liknande.

6 kommentarer:

Tiram sa...

Moteblogging -- yay :D

Magne sa...

Denne var fin. Hadde og problem med denne skjerfbrettinga. Anbefaler denne: http://www.youtube.com/watch?v=8MbmazCMuZI&feature=PlayList&p=6ACC7C3D12DB1F1A&playnext=1&index=4

og denne http://www.instructables.com/id/How-to-wrap-a-Keffiyeh/

Anonym sa...

Du var fin, men ikkje gløym at overveldande symbolbruk kan verka framandgjerande på traustingar som du prøver å overtyda!

Traustingar i klesvegen er ei stor, men i statussamanheng utsett gruppe. Eg tenkjer ikkje på dei konformistiske streitingane, men på slike som berre vil kle seg praktisk og greitt -- gjerne fint, men utan omsyn til mote og tilfeldige stor- og småborgarlege smaksendringar.

Difor er det no bra at du legg vekt på dei praktiske sidene ved skjerfet.

einar sa...

Tøft! Eg sjølv sprada rundt på Stord og Bømlo med raudt palestinaskjerf på 1970-80 talet. Det var tøft det! Har forresten skjerfet enno.

Anonym sa...

Kvifor skal du støtta Israels terror ?

Kjetil sa...

Eg ser ingen gode grunnar til å støtta Israels terror. Men eg forstår ikkje heilt kvifor du spør meg om det heller.